Leiarsamling for opplæring innanfor kriminalomsorga
Statsforvaltaren i Vestland inviterer leiarar innanfor opplæring i kriminalomsorga til leiarsamling 14. og 15. februar 2024 på Comfort hotel runway på Gardermoen.
Leiarsamlinga erstatter oppikrimdagane
Frå og med 2024 går Oppikrimdagane ut, og for leiarar blir den erstatta med denne samlinga. Bakgrunnen for endringane kan du lese i denne artikkelen.
Førebels program er no lagt ut. Det kan kome mindre endringar i dette fram til samlinga.
Påmeldingsfrist er 13. januar
Målgruppa for leiarsamlinga er fylkesbyråkratar, rektorar og avdelingsleiarar.
Trykk her for å gå til påmeldingsskjemaet. Siste frist for påmelding er 13. januar.