Faggruppe for IKT-ansvarlege i opplæring i kriminalomsorga, dialogkonferanse

Velkommen til Oslo 12. juni – 13. juni 2024. Fagkoordinatorane for IKT inviterer IKT-ansvarlege i opplæring i kriminalomsorga til dialogkonferanse 12. - 13. juni. Arrangementet vil finne stad sentralt i Oslo. 

Føremål med dialogkonferansen 

Målgruppa for dialogkonferansen er:  

  • skuletilsette med administrator-tilgang i DFS (Desktop for skole – Den nasjonale IKT-plattforma for opplæringa i fengsel)
  • andre skuletilsette med IKT-driftsansvar og IKT-superbrukaroppgåver for opplæringa i fengsel.
  • spesielt interesserte innan IKT i fengsel

Føremålet med samlinga er å treffest i nettverket for å dele informasjon og erfaringar på tvers av roller, kvardag og arbeidsplassar. Fagnettverket for IKT har ei viktig rolle i arbeidet med opplæringsrammene. Saman er me viktige for å tilrettelegge for god læring for elevar, og god arbeidsflyt for skuletilsette.   

Sentrale tema på konferansen 

Tematisk kan samlinga verte delt i to: Ein del om der vi er i dag, nasjonalt og lokalt (DFS-plattforma), og ein del om kvar vi skal i framtida (arbeid med og pilotering av den nye Utvei-plattforma). Dette vert viktige tema: 

  • Utvei – Demonstrasjon og hands-on (opplæring frå Atea?)
  • 06.2024 - Nyhende – Status DFS (rikets tilstand) – KDI kjem
  • Innspel frå IKT-ansvarlege (frå påmelding)
  • 06.2024 - Diskusjon rundt DFS
  • Eksamen våren 2024 – Erfaringsutveksling

Før konferansen 

  • Høyr med dei som underviser i skulen om det er noko dei ynskjer at blir tatt opp
  • Noter ned éi sentral utfordring som de har hjå dykk, basis for erfaringsutvekslinga
  • Andre innspel til Anne, Helge, Bent eller Bernt Ole: meld inn på skjemaet om vi nyttar forms

Kostnadar og påmelding

Påmeldingsskjema vil bli lagt ut på denne sida i løpet av våren.

Sjølve deltakinga på dialogkonferansen er gratis for deltakarane: Det vil seie éi overnatting og alle måltid under arrangementet.  Arbeidsgjevar må dekke reise til og frå konferansen, og eventuelt vikar. Reiserekninga går også til arbeidsgjevar.  

Publisert 20.02.2024
Dato:
12. juni 2024 - 13. juni 2024
Stad:
Clarion Hotel, Dronning Eufemias gate 15, Oslo
Arrangør:
Fagkoordinatorar for IKT, opplæring i kriminalomsorga
Målgruppe:
Skuletilsette med administratortilgang i DFS, andre skuletilsette med IKT-driftansvar og IKT-superbrukaroppgåver for opplæringa i fengsel, spesielt interesserte innan IKT i fengsel

Fagkoordinator

Fagkoordinator

Fagkoordinator