Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland er delegert (frå Udir) eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg.
Hendingar
Dialogkonferanse, faggruppe for realfag
8. april - 10. april
Trondheim
Fagkoordinator for realfag
Dialogkonferanse, faggruppe for yrkesfag
10. april - 11. april
Losby gods, Lørenskog
Fagkoordinatorane Jan Roger Hildrum, Tone Laurendz Hassel og Edvin Berg
Dialogkonferanse, faggruppe for IKT-ansvarlege
12. juni - 13. juni
Bergen, Scandic Ørnen Hotel
Fagkoordinatorar for IKT: Anne Høy Horsberg, Helge Nordvik og Bent Dahle Hansen
Vis alle
Nyhende
26.03.2025
Innsette sitt utdanningsnivå og motivasjon kartlagt i ny rapport
Ein ny rapport frå Universitetet i Bergen kartlegg utdanningsmotivasjon og dei største hindra for utdanning blant innsette i norske fengsel. Rapporten avslører at halvparten av dei spurde deltek i opplæring, men viser samtidig at manglande tilgang på teknologi og korte soningstider er blant dei største barrierane for å fullføre utdanning under soning.
14.11.2024
Påmeldingsfrist til leiarsamlinga er fredag 10. januar
Statsforvaltaren i Vestland inviterer rektorar, avdelingsleiarar og fylkesbyråkratar til leiarsamling for opplæring innan kriminalomsorgen. Samlinga arrangerast på Gardermoen den 12. og 13. februar.
Påmeldingsfrist til leiarsamlinga er fredag 10. januar.