Faggruppe for IKT-ansvarlege i opplæring i kriminalomsorga, dialogkonferanse
Velkommen til Oslo 12. juni – 13. juni 2024. Fagkoordinatorane for IKT inviterer IKT-ansvarlege i opplæring i kriminalomsorga til dialogkonferanse 12. - 13. juni. Arrangementet vil finne stad sentralt i Oslo.
Føremål med dialogkonferansen
Målgruppa for dialogkonferansen er:
- skuletilsette med administrator-tilgang i DFS (Desktop for skole – Den nasjonale IKT-plattforma for opplæringa i fengsel)
- andre skuletilsette med IKT-driftsansvar og IKT-superbrukaroppgåver for opplæringa i fengsel.
- spesielt interesserte innan IKT i fengsel
Føremålet med samlinga er å treffest i nettverket for å dele informasjon og erfaringar på tvers av roller, kvardag og arbeidsplassar. Fagnettverket for IKT har ei viktig rolle i arbeidet med opplæringsrammene. Saman er me viktige for å tilrettelegge for god læring for elevar, og god arbeidsflyt for skuletilsette.
Sentrale tema på konferansen
Tematisk kan samlinga verte delt i to: Ein del om der vi er i dag, nasjonalt og lokalt (DFS-plattforma), og ein del om kvar vi skal i framtida (arbeid med og pilotering av den nye Utvei-plattforma). Dette vert viktige tema:
- Utvei – Demonstrasjon og hands-on (opplæring frå Atea?)
- 06.2024 - Nyhende – Status DFS (rikets tilstand) – KDI kjem
- Innspel frå IKT-ansvarlege (frå påmelding)
- 06.2024 - Diskusjon rundt DFS
- Eksamen våren 2024 – Erfaringsutveksling
Før konferansen
- Høyr med dei som underviser i skulen om det er noko dei ynskjer at blir tatt opp
- Noter ned éi sentral utfordring som de har hjå dykk, basis for erfaringsutvekslinga
- Andre innspel til Anne, Helge, Bent eller Bernt Ole: meld inn på skjemaet om vi nyttar forms
Kostnadar og påmelding
Påmeldingsskjema vil bli lagt ut på denne sida i løpet av våren.
Sjølve deltakinga på dialogkonferansen er gratis for deltakarane: Det vil seie éi overnatting og alle måltid under arrangementet. Arbeidsgjevar må dekke reise til og frå konferansen, og eventuelt vikar. Reiserekninga går også til arbeidsgjevar.