Dialogkonferanse, faggruppe for realfag

Neste samling er planlagt til 8.–10. april 2025 i Trondheim, så hald av dagane!

Med nye læreplanar, MFY, den nye Teams-plattforma (Utvei) og kunstig intelligens (KI) er det viktig å vidareutvikle fengselsundervisninga i fellesskap.

Vi skal arbeide vidare med døme frå praksis, programmering i matematikk og naturfag, og utvikle praksisnære undervisningsopplegg.

Praktisk

  • Vi startar kl. 12 første dag.
  • Dag to er vi saman heile dagen.
  • Dag tre avsluttar vi med lunsj kl. 13.

Informasjon om påmelding blir lagt ut på denne sida om litt. 

Erfaringsdeling og praksisnære undervisningsopplegg 

Hovedfokus blir erfaringsutveksling og døme frå praksis. Vi skal jobbe vidare med programmering, denne gangen med praktiske døme frå naturfag og matematikk. Vi skal også i fellesskap utvikle undervisningsopplegg vi kan bruke innanfor murane.   

Vi gler oss til å sjå dykk til våren, og til saman å utvikle ferdigheiter for å gi elevane våre det beste.

Publisert 24.10.2024
Dato:
8. april 2025 12:00 - 10. april 2025 14:00
Sted:
Trondheim
Arrangør:
Fagkoordinator for realfag
Målgruppe:
Faggruppe for realfag, oppikrim

Fagkoordinator for realfag

Fagkoordinator for realfag