Tilstandsrapport 2018
Med denne rapporten vil Fylkesmannen i Vestland (FMVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2018. Vi vil òg løfte nokre tema som krev merksemd i tida framover.
Fagfornying, fylkeskommunesamanslåing, samarbeid på tvers av etatar, glippsoner på vegen frå fengsel til samfunnet. Dette er store, nasjonale prosessar som i 2018 har fått følgjer for opplæring innan kriminalomsorga. Nokre av prosessane er innan opplæringsfeltet, mens andre kjem som del av omfattande strukturelle endringar eller satsingar på tvers av sektorar.
Vi tar utgangspunkt i desse tre tema:
1. Elevtal, elevmasse, utdanningsval
2. Koordinerte tenester og samarbeid
3. Opplæring innanfor kriminalomsorga i tida som kjem
For ein generell og utdjupande oversikt over status innan opplæring kriminalomsorga viser vi til tal og visualisering her på nettstaden.