Tilstandsrapport 2020
Med denne rapporten vil Statsforvaltaren i Vestlanbd (SFVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2020. Vi vil òg løfte nokre tema som krev merksemd i tida framover.
2020 blei prega av smitteverntiltaka mot Covid 19. Smitteverntiltaka innført 12. mars 2020 råka opplæring innanfor kriminalomsorga sterkt. Utfordringane var store: skolane var stengt for fysisk undervisning og det fantes ikkje digitale alternativ. Dette fekk store konsekvensar for innsette som ynskte å delta i opplæring. Alle smitteverntiltaka gjennom året har samla sett ført til reduksjon av opplæringstilbod, reduksjon av gjennomførte eksamenar, reduserte fulltids opplæringsløp osv. I denne situasjonen er det rapportert frå fleire skolar at mange innsette også ser ut til å ha mista motivasjon for å delta i opplæringa.
Rapporten er delt inn i tre hovuddelar. I den første delen vil vi legge fram tal frå opplæringsaktiviteten ved norske fengsel i 2020, samt presentere det som har gått føre seg av norsk deltaking i internasjonale nettverk for fagleg utvikling i sektoren. I del to skriv vi om utfordringar knytt til den sentrale infrastrukturen som er naudsynt for å gi opplæring i fengsel: Tilfredsstillande undervisningslokale og tilgang til internett og naudsynt pedagogisk programvare.
For ein generell og utdjupande oversikt over status innan opplæring kriminalomsorga viser vi til tal og visualisering her på nettstaden.