76,4 prosent innsette er nøgde med opplæringa i fengsel
Dette er eit av funna i Rapport nr 1/22: «Norske innsette: Utdanning før og under soning, ønsker og planar» som no er publisert.
Rapporten bygger primært på ei kartlegging av innsette i norske fengsel vinter 2021. Spørsmåla i undersøkinga handlar om innsette sin tidlegare utdanning og arbeid, opplæring i fengsel og planer for framtida.
Rapporten visar mellom anna at mange innsette som deltek i opplæringa i fengsel er nøgde, men vi finn og mange som saknar god rettleiing og informasjon om opplæringa.
Rapporten visar at det framleis er mange innsette som har rett på opplæring, men som ikkje tek del i opplæringa. Mye tyder på at det er samanheng mellom desse to funna.
Statsforvaltaren i Vestland håpar denne rapporten vil fungere som eit nyttig
innspel til opplæring innanfor kriminalomsorga.