Tilstandsrapport 2021
I denne rapporten vil Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2021, og vi vil løfte nokre tema som krev merksemd i tida framover.
Rapporten er delt inn i tre hovuddelar. I den første delen vil vi legge fram tal frå opplæringsaktiviteten ved norske fengsel i 2021, og våre vurderingar av utviklinga på dette feltet. I del to går vi litt meir i djupna på to utvalde tema, og ser på utviklinga over tid. Dette er den endringa vi ser om at fleire
innsette blir meldt opp til privatisteksamen, framfor å ha elevstatus, og om det er ein samanhengmellom tilstanden på skolelokale og innsette som deltek i opplæring.
I del tre av denne rapporten gjer vi greie for utvalde område som har vore prioriterte felt hos SFVL i 2021. Dette er arbeidet med oppdatering av Desktop for skole, etablering av nye oppfølgingsklassar, fagnettverket vårt og arbeidet for internasjonal mobilitet blant tilsette i sektoren.
For ei utdjupande oversikt over status innan opplæring kriminalomsorga viser vi til rapportar, tal og visualisering i lenken til høgre.