Elev, privatist eller vaksen – har det eigentleg noko å seie?
Ved skolar i norske fengsel gir ein opplæring både til elevar, til deltakarar i vaksenopplæringa og til dei som berre skal ta eksamen som privatist. Har det eigentleg noko å seie kva rettigheiter dei innsette gjer seg nytte av, så lenge dei får opplæring medan dei soner?
Elev eller vaksen? Om ein kan velje, så er det ungdommen sjølv som tar valet
I opplæringslova er det eit skilje mellom ungdomsrett og vaksenrett. Opplæringa for ungdom er i hovudsak avgrensa til eit gitt tal på år, medan opplæringa for vaksne er innretta meir fleksibelt i tid, slik at deltakaren skal kunne gjennomføre den opplæringa som er naudsynt for å oppnå den kompetansen hen ønskjer seg. I tillegg følgjer det ei heilt fastlagt fag- og timefordeling med ungdomsretten, medan deltakarar i vaksenopplæringa skal få den opplæringa som er naudsynt for å oppnå den kompetansen deltakaren ønskjer seg.
Det er nok nettopp denne fleksibiliteten vaksenretten gir som er grunnen til at fleire av ungdommane i fengsel får opplæring etter reglane for vaksenopplæring. I utgangspunktet er det ikkje noko formelt i vegen for å gjere det på denne måten. Opplæringslova opnar for at ungdom etter søknad, og når det ligg føre særlege grunnar, kan få opplæring etter reglane om vaksenopplæring. Det er likevel viktig at dette ikkje blir praktisert som normalordninga. Dette er eit unntak, og det er difor viktig at opplæringa i fengsel er innretta slik at ein innsett som har ungdomsrett og ønskjer å vere elev, skal vere det.
Privatistordninga gir ingen rettar etter opplæringslova
Elevar og deltakarar i vaksenopplæring har ei relativt solid rettsbehaldning samanlikna med privatistar. I utgangspunktet har ingen rett til opplæring dersom dei skal gå til eksamen som privatist. All eventuell opplæring dei får er avhengig av at nokon er villig til å tilby dei denne. I vår sektor er dei som blir meldt opp til privatisteksamen heldige, for tilskottet som blir gitt til opplæring i kriminalomsorga kan også brukast til å gi denne gruppa opplæring.
Ei anna side ved dette som kan vere positiv for dei innsette, er at dei ikkje brukar av retten til vidaregåande opplæring dersom dei får opplæring og går opp som privatistar.
Informasjon og dialog er løysinga
Det er likevel ikkje fritt fram for skolane å velje det eine eller det andre. Tilskotsordninga er tydeleg på at elevar med rett etter opplæringslova skal prioriterast. Dersom skulen ønskjer å gå bort frå det som er normalordninga etter opplæringslova, er det svært viktig at dette blir gjort i dialog med den eleven det gjeld.