Nytt rundskriv om forvaltningssamarbeid mellom opplæringssektoren og kriminalomsorga
Rundskriv G 1/ 2008 som regulerer samarbeid mellom skole og kriminalomsorg for opplæring i fengsel, er erstatta av eit nytt rundskriv, G-02/2024. Rundskrivet slår fast at innsette og domfelte har same rettar og pliktar som befolkninga elles innanfor rammene av straffegjennomføringslova, opplæringslova, folkerettslege konvensjonar og tilrådingar.
Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæringa
Kriminalomsorga skal gjennom samarbeid med andre offentlege etatar, leggja til rette for at innsette og domfelte får tenestene som lovgivinga gir dei krav på (sjå straffegjennomføringslova § 4). Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylla retten til grunnopplæring for innsette i fengsel, jf. opplæringslova § 13-2 a. Innsette og domfelte kan ha rett og plikt til opplæring på grunnskulenivå og rett til vidaregåande opplæring. Dei kan også ha rett til spesialundervisning, teiknspråkopplæring, særskild språkopplæring, samisk opplæring og opplæring i kvensk eller finsk. Ut frå folkerettslege konvensjonar og tilrådingar har også innsette og domfelte utan lovleg opphald i landet rett til opplæring.
Samarbeid er nøkkelen til vellukka opplæring
Samordna innsats mellom opplæringssektoren og kriminalomsorga skal bidra til betre moglegheiter for kvar enkelt innsett og domfelt til å fullføra og bli kvalifisert til læreplass, arbeid, utdanning og livslang læring. For å lykkast i dette arbeidet, må partar på alle nivå vera klar over korleis dei best mogleg samarbeider og får til kontinuitet i tenestetilbodet. Samarbeidet mellom stat, region og fylke er komplekst, og kan vera uoversiktleg for kvar enkelt innsett. Eit godt forvaltningssamarbeid skal sikra tenestetilbodet for domfelte og innsette i tråd med behova deira og lovpålagde rettar, og bidra til å fremja tilpassing til livet etter fengselsopphaldet.
Opplæring er eit viktig bidrag til kvalifisering for livet etter soning
Opplæringa som blir gitt innsette og domfelte er eit viktig bidrag til kvalifisering for arbeid eller vidare utdanning etter gjennomført straff, noko som kan betra føresetnadene for eit liv utan kriminalitet. Rundskrivet omtaler samarbeid om opplæring for innsette i fengsel, opplæring i oppfølgingsklassar og ved overgangar for innsette til vidare kvalifisering utanfor fengsel og oppfølgingsklassar. Domfelte som gjennomfører straff i samfunn, skal nytta grunnopplæringstilbodet i bustadkommunen/fylket.
Du finn heile rundskrivet i lenken til høgre.