Innsette sitt utdanningsnivå og motivasjon kartlagt i ny rapport
Ein ny rapport frå Universitetet i Bergen kartlegg utdanningsmotivasjon og dei største hindra for utdanning blant innsette i norske fengsel. Rapporten avslører at halvparten av dei spurde deltek i opplæring, men viser samtidig at manglande tilgang på teknologi og korte soningstider er blant dei største barrierane for å fullføre utdanning under soning.

Betre framtidsutsikter driv motivasjonen
Dei viktigaste grunnane til at innsette tek utdanning er ønsket om eit betre liv etter soning og auka sjansar for jobb.
– Dei innsette er primært motiverte av framtidsutsiktene utdanning kan gi. Mange ser utdanning som ein veg til betre jobb og stabilitet i livet, seier hovudforfattar Ole Johan Eikeland.
Fleire innsette rapporterer òg om indre motivasjon, der gleda ved å lære nye ting og fordjupe seg i fag som interesserer dei, speler ei viktig rolle.
Tre hovudtypar hinder for utdanning
Det er særleg tre type hinder som gjer det vanskeleg for innsette å ta utdanning:
- Institusjonelle hinder: Manglande tilgang på digitale læringsverktøy og internettilgang gjer det vanskeleg å ta del i moderne undervisningstilbod.
- Situasjonelle hinder: Kort soningstid eller hyppige overføringar mellom fengsel kan gjere det utfordrande å fullføre utdanningsløp.
- Disposisjonelle hinder: Nokre innsette slit med lese- og skrivevanskar eller har negative erfaringar med skulegang frå tidlegare.
Betydninga for opplæring i kriminalomsorga
Resultata i rapporten kan ha betydning for korleis utdanningstilbodet i fengsel blir utforma framover. Fleire innsette etterlyser betre tilrettelagd undervisning og betre tilgang til digitale ressursar.
– Dersom vi skal betre lukkast med utdanning og rehabilitering, må vi fjerne barrierane som gjer det vanskeleg å delta. Vi ser at motivasjonen er der, men strukturelle forhold gjer det vanskeleg for mange, understrekar medforfattar Lise Øen Jones.
Rapporten er utgitt med bakgrunn i samarbeidet mellom Starforvaltaren i Vestland og ei forskargruppe ved Universitet i Bergen.
For meir informasjon kan du lese heile rapporten her: Rapport 1 2025