Styringsdokumenter
Opplæring innanfor kriminalomsorga er ei statleg øremerka tilskottsordning.
Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga gitt til innestte i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det daglege ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland har det nasjonale koordinerande ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.
Opplæringslova gjeld for innsette i norske fengsel. Her vil vi vise til dei avtalar og lovar som kjem i tillegg til Opplæringslova.