Oppfølgingsklassar
Som ein del av tilbodet innanfor opplæring i kriminalomsorga, er det opprette ti oppfølgingsklassar i Noreg.
Målgruppa er gjennom retningslinjene for Tilskudd til opplæring i kriminalomsorgen definert som «at innsatte som ikke har fullført grunnskolen eller videregående skole, og som har rett til og ønsker slik opplæring, skal få det. I tillegg skal løslatte kunne fullføre opplæring som er påbegynt under soning.»
Fylkeskommunar med særskilt tildelte oppgåver til opplæring innan kriminalomsorga for tilboda om ungdomseining, TAFU, ND og oppfølgingsklassar får eit særskilt tilskot til dette.
Oppfølgingsklassane blei først etablert for å lette overgangen frå utdanning i fengsel til deltaking i ordinær utdanning.
Oppfølgingsklassane tek årleg imot omkring 600 personar.