Ansvar og organisasjon
Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg.
Korleis organiserast dette i praksis?
Ansvaret for administrasjon og gjennomføring av ordninga med opplæring i fengsel er delt mellom fylkeskommunane, Fylkesmannen i Vestland og Utdanningsdirektoratet.
Nasjonalt ansvar for koordinering , tilskotsordning og utviklingsarbeid
Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) har det nasjonale faglege koordineringsansvaret for ordninga med opplæring i kriminalomsorga. Utdanningsdirektoratet administrerer den øyremerkte tilskotsordninga, SFVL bidreg til kvalitetssikring av denne.
Statsforvaltaren i Vestland er Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) sin hovudsamarbeidspartnar i opplæringssektoren. Vi har óg eit ansvar for å vidareutvikle ordninga og for å stimulere til samarbeid innan opplæringssektoren. Betre samhandling om innsette og lauslatte er eit politisk mål. Vi er difor aktive i arbeidet med å utvikle etatssamarbeidet med aktørar som NAV, helse, bibliotek og frivillig sektor m.fl.
Pedagogisk og skuleadministrativt ansvar
Fylkeskommunane har det pedagogiske og skuleadministrative ansvaret for ordninga. Dei må sjå til at alle innsette har høve til lovfesta opplæring. Det er eitt eller fleire fengsel i alle fylke.
Praktisk og fagleg gjennomføring
Lokale, vidaregåande skular gjennomfører og administrerer opplæringa av dei innsette i fengsla. Fleire av skulane har óg ansvar for i oppfølgingsklassar for lauslatte etter soning. Det er skuleavdelingar ved alle norske fengsel.