Internasjonalt arbeid
Statsforvaltaren i Vestland har frå Utdanningsdirektoratet fått delegert det koordinerande ansvaret for å arbeide for fagleg og pedagogisk samarbeid i internasjonale nettverk.
Opplæring i kriminalomsorga har i ei årrekkje samarbeidd med aktørar i Europa og dei nordiske landa. Særleg relevante organisasjonar er Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL) og European Prison Education Association (EPEA). Alle skular innan opplæring i kriminalomsorga har høve til å utvikle sitt arbeid gjennom deltaking i internasjonale prosjekt, konferansar og liknande.
Internasjonale prosjekt og utdanningsprogram
Dei politiske signala er klare: Utdanningssektoren skal vere internasjonalt orientert. Statsforvaltaren i Vestland oppmodar difor alle skular innan opplæring i kriminalomsorga om å ta del i internasjonale prosjekt, jobbskugging, kontaktseminar, konferansar og liknande.
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) gjev informasjon om dei ulike høve til økonomisk stønad gjennom internasjonale utdanningsprogram.