Korleis kan ein arbeida for å skapa eit miljø som fremjar opplæring blant unge i fengsel?

Fagkoordinatorane for temaet unge innsette har delteke i ei nordisk arbeidsgruppe som mellom anna har sett nærare på korleis ein kan styrkja grunnleggjande ferdigheiter hos unge innsette. Videoane som er produserte av arbeidsgruppa kan sjåast her.

Nordisk arbeidsgruppe for opplæring av unge i fengsel har sidan november 2022 sett nærare på korleis ein kan arbeida for å skapa eit miljø som fremjar opplæring blant unge i fengsel. Resultatet av dette arbeidet er no publisert på Nordisk nettverk for læring sine nettsider i form av ti videoar der ein fortel om ulike aspekt knytt til arbeid med opplæring for unge i fengsel. Frå Noreg har fagkoordinatorane Geir Arne Hundvebakke og Magnus Andre Rokne delteke.

Lenkje til saka som er publisert på nvl.org, finn du til høgre på denne sida.

Publisert 12.06.2024

Lenkjer