Kan ungdom som skal sone automatisk miste skuleplassen?

Utdanningsdirektoratet konstaterer at opplæringslova med tilhøyrande forskrift regulerer rett til og inntak i vidaregåande opplæring, men at det er ingen føresegner som regulerer tap av rett eller bortfall av skuleplassen

Det er døme på at ungdom som for kortare periodar skal i fengsel, anten ved dom eller varetekt, automatisk mister skuleplassen sin. Det kan vere ein skuleplass dei har starta opp i, eller ein skuleplass det er treft vedtak om, men som enno ikkje er starta opp. Konkret vil dette vere tilfelle der soninga startar opp om sommaren, og som varer ut over skulestart.

For begge tilfella betyr det at ungdommen ikkje har skuleplass å komma tilbake til når soninga er avslutta.

Statsforvaltaren i Vestland vende seg til Utdanningsdirektoratet for å få deira vurdering av ein slik praksis. Dei konkluderer med at opplæringslova ikkje gir heimel for å lokalt praktisera at ungdom som skal sona automatisk mister skuleplassen.

Brev frå Statsforvaltaren i Vestland, og svar frå Utdanningsdirektoratet finn du til høgre på denne sida.

Publisert 23.09.2024