Tal og forsking
Statsforvaltaren tek del i norsk, nordisk og internasjonalt samarbeid på området opplæring innanfor kriminalomsorga. Her finn du nokre av dei forskingsrapportane som dette samarbeidet har resultert i.
Statsforvaltaren i Vestland har gjennom fleire år hatt samarbeid med forskingsinstitusjonar blant anne med ei eiga FOU avtale med Universitetet i Bergen. Dette er for å bygge opp eit kunnskapsbasert grunnlag for skuleverket, og for best mogeleg å kunne tilby tilpassa opplæringsløp til alle innsette. Den siste kartlegginga av fangebefolkninga vart gjennomført hausten 2021.
Statsforvaltaren i Vestland er ein del av Nordisk nettverk for fengselsundervisning. Dette er eit ekspertnettverk under Nordisk Ministerråd. Også i nordisk samanheng ser ein at det er viktig med forskingsbasert kunnskap om området opplæring i kriminalomsorga. Nordisk nettverk for fengselsundervisninga vart formelt stifta i 2005, etter fleire år med uformelt samarbeide mellom landa.