Fagnettverk
Statsforvaltaren i Vestland har oppnemnd fagkoordinatorar på sentrale fagfelt og fagområde i opplæring innanfor kriminalomsorga. Arbeidet til fagkoordinatorane er knytt til nettverksbygging på deira fagområde.
Arbeid og ansvar
Fagkoordinatorane skal leggje til rette for kunnskap og erfaringsutveksling knytt til opplæring innan fagområda med utgangspunkt i ordinært skuleverk, opp mot dei forholda som er særskilte for opplæring innanfor kriminalomsorga. I dette ligg det å koordinere og leggje til rette for faglege diskusjonar og meiningsutveksling i faggruppa. Dei kan utnytte naturlege treffpunkt, og ved behov etablere nye treffpunkt- for møte i nettverka sine.
Fagkoordinatorane har ansvar for å organisere og leggje til rette for treffpunkt for faggruppa si, deriblant ein årleg dialogkonferanse.
Lærarane i fagnettverket har tilgang til ulike plattformer som kan nyttast til informasjon, deling og diskusjonar. Dei løfter fram aktuelle problemstillingar og utfordringar frå fagnettverket til Statsforvaltaren i Vestland, og er på den måten bindeledd mellom Statsforvaltaren i Vestland og lærarane innanfor dei ulike faga.
Send ein e-post til fagkoordinator for dine fag for å bli medlem og få tilgang til kommunikasjonskanalane for faggruppa.
Fagnettverket
Fagkoordinator for norsk
kirkva@vgs.nfk.no
Kirsti Kvalø er nasjonal fagkoordinator for faggruppa norsk. Hoer tilsett ved Mosjøen vidaregåande skole, og underviser til dagleg ved Mosjøen fengsel.
Fagkoordinator for språkfag (framandspråk)
Rosie Thompson er nasjonal fagkoordinator for faggruppa språk. Ho er tilsett ved Halden vidaregåande skole, og underviser til dagleg ved Halden fengsel
Fagkoordinatorar for yrkesfag
edvin.berg@skole.rogfk.no
Edvin Berg er lærar ved Bryne videregående skole, avdeling Åna fengsel. Han har arbeidd som byggfaglærar innan opplæring i kriminalomsorgen i 18 år. Han har tidlegare lang erfaring frå tømraryrket.
tonehas@viken.no
Tone jobbar som yrkesfaglærar på Romerike fengsel, avdeling Ullersmo, der ho har arbeidd i seks år. Ved behov er ho også på Ungdomsenheten Øst og Kroksrud. Ho er fagkoordinator for yrkesfag saman med Edvin og Jan Roger, og fokuset hennar er samarbeid og lærande nettverk.
janhi@trondelagfylke.no
Tømrar / Pedagog
Jan Roger Hildrum starta i fengselsundervisninga januar 2002, og arbeider som yrkesfaglærar ved Trondheim fengsel. Fokuset er samarbeid og lærande nettverk.
Fagkoordinator for rådgiving
hilfro@innlandet.no
Hilde Frostad er nasjonal fagkoordinator for rådgivarane. Ho er fagleiar og engelsklærar i Kriminalomsorgen Innlandet - avdeling Ilseng. Hilde har arbeidd i Kriminalomsorgen Innlandet sidan 2010.
Fagkoordinator for realfag
arne.svindland@mandal.vgs.no
Arne Svindland er fagkoordinator for realfag og underviser i matematikk og naturfag i Agder fengsel, avdeling Mandal. Mandal fengsel er først ute i landet med å forsøke den nye Teams for Education-løysinga, som vi på sikt håper på at skal ta over DFS som læringsplattform.
Fagkoordinator for samfunnsfag
Inntil vidare vil fagkoordinatorane Rosie Thompson og Kirsti Kvalø ta seg av førespurdnader til fagkoordinator for samfunnsfag
mandeep.sohi@osloskolen.no
Mandeep Kaur Sohi er nasjonal fagkoordinator for faggruppa norsk, språk og samfunnsfag. Ho er tilsett ved Grønland voksenopplæringssenter, og underviser til dagleg ved tilbakeføringssenteret G26 i samfunnsfag og engelsk.
Fagkoordinator for unge innsette 15 - 24 år
Fagkoordinator for tilbakeføring
Anne Moen er nasjonal koordinator for tilbakeføring. Ho er tilsett ved Grønland voksenopplærig og arbeider til dagleg som rådgjevar i oppfølgingsklassen G26 i Oslo.
Fagkoordinatorar for IKT
Bent Dahle Hansen har tilhald på Grønland voksenopplæringssenter avdeling Bredtveit fengsel, men arbeider hovudsakleg for Statsforvaltaren i Vestland som IKT-rådgjevar. Han har arbeidd i feltet IKT i oppæring i kriminalomsorgen i over 20 år.
Helge Nordvik er nasjonal DFS-pedagog og ein del av fagruppa for IKT. Han har vore tilsett i Vestland Fylkeskommune i seks år.