Oppfølgingsklassar

Som ein del av tilbodet innanfor opplæring i kriminalomsorga, er det opprette 11 oppfølgingsklassar i Noreg.

Målgruppa er gjennom retningslinjene for "Tilskudd til opplæring i kriminalomsorgen" definert som innsatte i fengsel, domfelte under straffegjennomføring, løslatte og domfelte under friomsorgens ansvar og løslatte som fullfører opplæring påbegynt under soning. 

Fylkeskommunar med særskilt tildelte oppgåver til opplæring innan kriminalomsorga for tilboda om ungdomseining, TAFU, ND og oppfølgingsklassar får eit særskilt tilskot til dette.

Oppfølgingsklassane gir eit tilbod som bidreg til å tetta glippsona mellom fengsel og samfunn, noko som er i tråd med styresmaktene sin visjon om eit kriminalitetsfritt liv for fleire. Riksrevisjonen skreiv i undersøkinga si av helse-, opplærings- og velferdstenester til innsette i fengsel (2022−2023) at: oppfølgingsklassane driv opplæring i ulike fag i tillegg til rådgiving og anna støtte, mellom anna til gjennomføring av eksamen. Dei følgjer også opp innsette som gjennomfører straff på elektronisk kontroll, narkotikaprogram med domstolkontroll og samfunnsstraff, og innsette i overgangsbustader.

Heilt sidan første etablering på 1970-talet, har det vore eit samarbeid mellom skuleverket og friomsorga når det gjeld oppfølgingsklassane. Det er friomsorgskontora som har ansvar for gjennomføring av straff utanfor fengsel, og lauslatne og domfelte under ansvara til friomsorga er inkluderte i målgruppa for "Tilskudd til opplæring i kriminalomsorga".

Oppfølgingsklassane blei først etablert for å lette overgangen frå utdanning i fengsel til deltaking i ordinær utdanning.

Oppfølgingsklassane tek årleg imot omkring 600 personar.