Rettleiar til gjennomføring av modulstrukturerte læreplanar

Her er ein rettleiar for gjennomføring av modulstrukturerte læreplanar utarbeidd for kriminalomsorga og ansvarlege skular innan opplæring innanfor kriminalomsorga. Rettleiaren er i samsvar med ny opplæringslov og forskrift (gjeldande frå og med 01.08.2024).

Faksimile Stortingsmelding 16

Arbeidsgruppa oppretta av Statsforvaltaren i Vestland, med mandat om å utarbeida ein rettleiar, håpar og trur at partane kan henta inspirasjon og drahjelp i det arbeidet som partane må gjennomføra for å tilpassa opplæring i samsvar med ny opplæringslov og forskrift (gjeldande frå og med 01.08.2024) som regulerer modulisert yrkesfagleg opplæring for vaksne.

Rettlearen finn du til høgre, saman med aktuelle hjelpedokument og lenker.