Ungdomseining
Ungdomseiningar tek i mot innsette mellom 15 og 18 år, både på grunnlag av varetekt og dom.
Eininga i Bergen
Ungdomseininga i Bjørgvin fengsel tek imot innsette mellom 15 og under 18 år. Avdelinga har kapasitet på fire plassar – med tilpassa sikkerhetsnivå for dei innsette. Bjørvin fengsel held til like utanfor Bergen.
Innsette i Ungdomseininga kan gå på vanleg skule eller nytte skule knytt til fengselet. Åsane vidaregåande skule avd. Fossane har ein kontaktperson eller rådgjevar som har særskilt ansvar for oppfølging av dei innsette. Etter ei innleiande kartlegging i basisfaga, blir det utarbeida individuelt tilpassa skuletilbod til den einskilde.
Ungdomseininga er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som kriminalomsorga, barnevern, psykisk helsevern, utdanning eller opplæring og kommunal tjenesteyting og har landsdekkande funksjonar.
Eininga i Eidsvoll
Ungdomseininga på Dønnumskia i Eidsvoll kommune er spesialinnreda for å huse personar under 18 år og har plass til fire innsette. Ungdomseining er ei avdeling under Romerike fengsel.
Ungdomseininga skal ivareta dei innsatte sine behov under varetekt og soning, og førebu dei på tida etter løslating. Under oppholdet får dei unge tilbod om arbeid eller skulegang. Jessheim videregående skole har ein kontaktperson eller rådgiver som har særleg ansvar for oppfølging av opplæring for dei innsette.
Som ved Bjørgvin, er dennne Ungdomseininga eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som kriminalomsorga, barnevern, psykisk helsevern, utdanning eller opplæring og kommunal tjenesteyting og har landsdekkande funksjonar.
Fylkeskommunar med særskilt tildelte oppgåver til opplæring innan kriminalomsorga for tilboda om ungdomseining, TAFU, ND og oppfølgingsklassar får eit særskilt tilskot til dette.