Tilstandsrapport 2019
Med denne rapporten vil Fylkesmannen i Vestland (FMVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2019, og vi vil løfte nokre tema som krev merksemd i tida framover.
Fagfornying, samanslåing av fylkeskommunar, samarbeid på tvers av etatar og arbeid med «glippsoner» på vegen frå fengsel til samfunnet. Dette er store, nasjonale prosessar som i 2019 har fått følgjer for opplæring innan kriminalomsorga. Nokre av prosessane skjer innan opplæringsfeltet, medan andre kjem som del av omfattande strukturelle endringar eller satsingar på tvers av sektorar.
Rapporten er delt inn i to hovuddelar. I den første delen vil vi legge fram tal frå opplæringsaktiviteten ved norske fengsel i 2019, samt presentere det som har gått føre seg av norsk deltaking i internasjonale nettverk for fagleg utvikling i sektoren. Del to av rapporten handlar om temaet unge innsette og opplæring. Dette er eit tema vi meiner fortener ekstra merksemd i tida som kjem, og vi går difor inn på mellom anna på kva som hindrar at unge tilsette får opplæring, og kva kan gjerast med det.