Statsbudsjettet 2022
Kunnskapsdepartementet foreslår i Prop. 1S (2021 – 2022) 310,7 mill. kroner til "opplæring i kriminalomsorga".
Forslaget som blei lagt fram 12. oktober 2021 gjev omlag like mange kroner per soningsplass til opplæring som i 2021. Delar av løyvinga vil gå til drift av Desktop for skolen, som er eit IKT-system for sikker bruk av digitale verktøy i opplæringa i fengsla.
Departementet erkjenner at dagens IKT løysing DFS (desktop for skolen) ikkje fungerer på akseptabelt nivå. Arbeidet med å oppgradere DFS i 2022 vil halde fram.