Informasjon om Oppikrimdagane 2023 – justering av struktur

Oppikrimdagane 2023 blir arrangert på Radisson Blu Caledonien Hotel i Kristiansand 25. – 27. april. Vi legg i 2023 til rette for dialogkonferanse med søkelys på faggruppene som lærande nettverk, medan leiarsamlinga går føre seg tilnærma uforandra.

Fagnettverket sin rolle knytt til erfaringsutveksling og kompetanseheving

Statsforvaltaren i Vestland utnemner i samarbeid med aktuelle avdelingsleiarar, fagkoordinatorar til nasjonale oppgåver knytt til fagområde og nokre prioriterte tema. 15 fagkoordinatorar utgjer fagnettverket for opplæring i kriminalomsorga. For å styrke  fagnettverket si rolle når det gjeld å legge til rette for erfaringsutveksling og kompetanseheving i dei enkelte faggrupper, blir Oppikrimdagane i 2023 arrangert som ein dialogkonferanse med søkelys på faggruppene som lærande nettverk.

Opplæringa som blir gitt på opplæringsarenaer i kriminalomsorga skal vere kunnskapsbasert, med rot i forsking og erfaringsbasert kunnskap. Statsforvaltaren i Vestland ser på fagnettverket som ein viktig bidragsytar i dette arbeidet – særleg knytt til identifisering av behov og deling av kunnskap.

Informasjon om struktur – Oppikrimdagane 2023

Leiarsamling:

Samlinga startar klokka 09.00 tysdag 25. april 2023, og blir avslutta onsdag 26. april klokka 14.00. Grunna transportmessige forhold, må dei fleste deltakarane kome til Kristiansand på ettermiddag/kveld måndag 24. april. Målgruppe for samlinga er fylkesbyråkratar, rektorar, avdelingsleiarar og inviterte forvaltningssamarbeidspartnarar

Dialogkonferanse med søkelys på faggruppene som lærande nettverk:

Konferansen startar klokka 09.00 onsdag 26. april, og blir avslutta torsdag 27. april klokka 14.00. Grunna transportmessige forhold, må dei fleste deltakarane komma til Kristiansand på ettermiddag/kveld tysdag 25. april. Målgruppe for konferansen er lærarar, rådgivarar og andre med fagleg tilhøyre til ein av følgjande faggrupper: Yrkesfag, Norsk, språk og samfunnsfag, Realfag, Rådgivere, IKT for driftsansvarlige, Praktisk-estetiske fag

Felles opning, og parallelle sesjonar onsdag 26. april 2023 

Deltakarar frå leiarsamlinga og dialogkonferansen vil alle delta på opning av Oppikrimdagene 2023 onsdag 26. april 2023 klokka 09.00. I etterkant av opninga, vil det vere parallelle sesjonar som eit tilbod til deltakarar frå både leiarsamling og dialogkonferanse. Tilsvarande vil alle deltakarar få tilbod om deltaking på felles forelesning med temaet «Lærande nettverk».

Påmeldingsskjema og program

Påmeldingsskjema vil bli gjort tilgjengeleg på Stasforvaltaren i Vestland sin heimeside (www.oppikrim.no) i februar 2023. Ved påmelding vel ei deltaking på parallelle sesjonar, og faggrupper (dei som skal delta på dialogkonferansen). Vi gjer oppmerksam på at kapasitet vil vere på nivå omtrent som for Oppikrimdagane i Tromsø 2022. Ved ønske om deltaking, anbefaler vi å vere tidleg ute med påmelding

Arrangørar   

Oppikrimdagene 2023 blir arrangerte i samarbeid mellom Statsforvalteren i Vestland, fagnettverket og Agder fylkeskommune

Publisert 10.10.2022