Statsbudsjettet 2023
Kunnskapsdepartementet foreslår i Prop. 1S (2022 – 2023) 318,9 mill. kroner til "opplæring i kriminalomsorga".
Forslaget som blei lagt fram 6. oktober 2022 gjev omlag like mange kroner per soningsplass til opplæring som i 2022. Delar av løyvinga vil gå til drift av Desktop for skolen, som er eit IKT-system for sikker bruk av digitale verktøy i opplæringa i fengsla.
Departementet erkjenner at dagens IKT løysing DFS (desktop for skolen) ikkje fungerer på akseptabelt nivå. Arbeidet med å oppgradere DFS i 2023 vil halde fram.