Innsette i fengsel og nyleg lauslatne er i målgruppa for tilskot til kvalifisering og formidling til læreplassar i vidaregåande opplæring
Samfunnskontrakten for flere læreplasser (2022-2026) har som mål at alle elevar som er formelt kvalifisert, skal få læreplass.
Til orientering, informerer me om at innsette i fengsel og nyleg lauslatne er inkludert i målgruppa slik ho er definert i "Tilskuddsbrev - Tilskudd til kvalifisering og formidling til læreplasser i videregående opplæring" som vart send til fylkeskommunane frå Utdanningsdirektoratet 12. mai 2022.
I brevet står det at tilskotet skal bidra til å styrkja arbeidet frå fylkeskommunane for fleire læreplassar, under dette lokale initiativ om læreplassgaranti. Formålet med tilskotet er å auka fullføringa i fag- og yrkesopplæringa for elevar, lærlingar og lærekandidatar.
Satsinga følgjer opp "Samfunnskontrakten for fleire læreplassar", som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifisert, skal få læreplass.