Tilstandsrapport 2022 for opplæring innan kriminalomsorga
I denne tilstandsrapporten vil Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2022, og løfte fram nokre tema som krev merksemd i tida framover.
Formålet med denne rapporten er å gi ei skildring og vurdering av tilstanden for opplæring innan kriminalomsorga, slik den går fram av opplæringslova og rammene for tilskotsordninga. Talgrunnlaget for rapporten er henta frå rapporteringa kvar enkelt skuleavdeling i fengselet leverer til Statsforvaltaren
i Vestland.