Innsette med tidlegare kontakt med hjelpeapparatet, spesielt barnevernstenesta og/eller PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste), har betydelege opplæringsbehov.
Dette er ein av konklusjonane i Rapport nr 1/24: «Norske innsatte: Opplæringsbehov hos norske innsette som har hatt tidlig kontakt med hjelpeapparatet» som no er publisert.
Desse innsette har lågare utdanningsnivå, større førekomst av læringsutfordringar som ADHD og lærevanskar, og svakare kommunikasjonsferdigheiter samanlikna med innsette utan slik kontakt. Tidleg kontakt med hjelpeapparatet krev tilpassa opplæringstilbod, grundig kartlegging av individuelle behov og tilrettelegging av undervisning.
Denne rapporten er den tredje som blir publisert med utgangspunkt i denne kartlegginga. Datainnsamlinga rapportane byggjer på er gjennomført av «Forskningsgruppen for kognisjon og læring» ved Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen. Prosjektet er utført i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, Kriminalomsorgsdirektoratet og Eikeland forsking og undervisning.
Statsforvaltaren i Vestland håpar rapporten vil fungere som eit nyttig innspel til opplæring innanfor kriminalomsorga.