Erfaringar og verktøy til hjelp i gjennomføring av modulstrukturerte læreplanar
Her er oppsummerte erfaringar og verktøy som kan vere til hjelp gjennomføring av moduliserte fagplanar utarbeidd for kriminalomsorga og ansvarlege skular innan opplæring innanfor kriminalomsorga. Dokumentet er i samsvar med ny opplæringslov og forskrift (gjeldande frå og med 01.08.2024) som regulerer modulisert yrkesfagleg opplæring for vaksne.
Arbeidsgruppa oppretta av Statsforvaltaren i Vestland, med mandat om å utarbeida eit hjelpedokument, håpar og trur at partane kan henta inspirasjon og drahjelp i det arbeidet som partane må gjennomføra for å tilpassa opplæring i samsvar med ny opplæringslov og forskrift (gjeldande frå og med 01.08.2024) som regulerer modulisert yrkesfagleg opplæring for vaksne. Dokumentet finn du til høgre, saman med aktuelle hjelpedokument og lenker.