Narkotikaprogram med domstolskontroll
Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) inneber at rusmisbrukarar kan dømmast til å gå gjennom eit rehabiliteringsprogram som føresetnad for dom på vilkår ved narkotikarelatert kriminalitet.
Domstolane si rolle er viktig for at arbeidet i Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) skal lukkast. Etter maktfordelingsprinsippet skal ikkje domstolane ha ei aktiv rolle når det gjeld forvaltninga si handheving av straff, men i dette programmet er domstolane si aktive dømming og oppfølging av den dømde si utvikling i programmet, ein avgjørende føresetnad i arbeidet for å lukkast.
Narkotikaprogram med domstolskontroll er inndelt i 4 fasar:
- iverksettingsfasen
- stabiliseringsfasen
- ansvarsfasen
- vidareføringsfasen.
Innhaldet i dei enkelte fasane vert sett av domstolane etter tilråding frå ND.
Den dømde må ha motivasjon for å gjere noko med eige narkotikaproblem og dessutan samtykke til ei slik straff. Alternativet til deltaking i programmet er fengselsstraff utan vilkår. Prøveordninga Narkotikaprogram med domstolkontroll trådde i kraft 01.01.2006 og vart avslutta i 2014. Ordningen vart landsdekkande og permanent frå 01.01.2016.
Opplæring
Fylkeskommunar med særskilt tildelte oppgåver til opplæring innan kriminalomsorga for tilboda om ungdomseining, TAFU, ND og oppfølgingsklassar får eit særskilt tilskot til dette.
Frå sommaren 2011 vart opplæringsdelen i ND-sentra (Oslo og Bergen) lagt under Statsforvaltaren i Vestland, med midlar over statsbudsjettet til ein pedagogressurs kvar av stadene. Det er Oslo kommune og Vestland fylkeskommune som har det faglege og pedagogiske ansvaret for opplæringsdelen i ressurssentra i Oslo og Bergen. Når det gjeld opplæringstilbodet anna stader i landet, vil Statsforvaltaren i Vestland oppmode til at det etableres kontakt mellom fylkeskommune og friomsorgskontor.
I Oslo er pedagogressursen i ND tilsett ved Grønland voksenopplæringssenter, medan pedagog i Bergen er tilsett direkte i Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune. Deltakarane i Oslo er i hovudsak knytt til Grønland voksenopplæringsenter eller ordinære tilbod, medan ND-sentret i Bergen samarbeidar med Åsane vidaregåande skule – avdeling Fossane – som er ein oppfølgingsklasse for innsette ved Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.